Direktekrav mot assurandør etter skipskollisjon
Høgsteretts ordskurd 9. mai 2018, HR-2018-869-A, (sak nr. 2017/1119), sivil sak, anke over dom, Assuranceforeningen Gard – gjensidig – Stolt Commitment B.V. Stolt Tankers B.V. Stolt-Nielsen B.V. (advokat Herman Steen, advokat Kaare Andreas Shetelig) mot A Line Corporation Trust Company, Complex, Marship MPP GmbH Co. KG, (advokat Kristian Lindhartsen, advokat Andreas Stang Lund)
Dommarar: Normann, Bull, Sverdrup, Bergsjø, Tønder
Saka gjaldt spørsmål om norske domstolar har domsmyndigheit ved direktekrav mot ein norsk ansvarsassurandør etter ein kollisjon i utanlandsk farvatn mellom to utanlandskregistrerte skip, der eigaren og reiaren av begge skipa er utanlandske selskap.
Saka reiste også spørsmål om saksøkarane kunne trekke inn krav mot eigaren og reiaren av skipet, som blei påstått å vere ansvarlege for samanstøyten.
Anken var ein vidare anke over avgjerd, og kompetansen til Høgsterett var avgrensa til å prøve saksbehandlinga og den generelle lovforståinga til lagmannsretten, jf. tvistelova § 30-6 bokstav b og c.
Eit fleirtal på fire dommarar kom til at Luganokonvensjonen avsnitt 3 på ein uttømmande måte regulerte verneting i forsikringssaker med unntak av dei føresegnene det var gjort unntak for i artikkel 8.
Lagmannsretten hadde derfor forstått Luganokonvensjonen uriktig når dei hadde lagt til grunn at artikkel 2 nr. 1 gav grunnlag for å fremme direktekrav mot assurandøren av skipet i Noreg.
Eit fleirtal på tre dommarar kom vidare til at lagmannsretten hadde bygd på uriktig lovforståing når dei kom til at FAL § 7-6 femte ledd inneheldt ein lovvalsregel. Det låg utanfor kompetansen til Høgsterett å vurdere om resultatet i lagmannsretten kunne oppretthaldast på anna grunnlag, og avgjerda i lagmannsretten måtte derfor opphevast.
To dommarar meinte at FAL § 7-6 femte ledd føreset at direktekrav som blir fremma for norske domstolar, blir regulerte av norsk rett, men kom – i motsetning til lagmannsretten – til at kombinasjonen av Luganokonvensjonen og den ufråvikelege regelen i FAL § 7-8 andre ledd førte til at spørsmålet om forsikringstakaren var insolvent, måtte prøvast som ledd i avgjerda av om domstolen var kompetent.
Éin av desse dommarane stemte på dette grunnlaget også for at lagmannsrettsdommen måtte opphevast, mens éin dommar meinte at saka da i alle fall kunne reisast i Noreg i medhald av artikkel 2 nr. 1.
Den sistnemnde dommaren var også einig med lagmannsretten i at sidan saka mot ansvarsassurandøren var reist ved heimtinget til selskapet, kunne saksøkarane trekke inn erstatningskrava mot eigaren og reiaren i saka. Han stemte på dette grunnlaget for at ankane blei forkasta.
Dei fire andre dommarane tok, ut frå synet dei hadde på saka elles, ikkje standpunkt til det.
Avgjerda gir rettleiing for tolkinga av Luganokonvensjonen avsnitt 3, artikkel 2 nr. 1, artikkel 6 nr. 1 og FAL § 7-6 femte ledd.