Direktekrav på ulovfesta grunnlag i entrepriseforhold blei ikkje godtatt
Høgsteretts dom 27. november 2018, HR-2018-2256-A, (sak nr. 18-036844SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Atlant Entreprenør SVS AS (advokat Line Wefald) mot Bright rådgivende ingeniører VVS AS (advokat Hildegunn Piro), Bright rådgivende ingeniører elektro AS (advokat Jardar Aas)
Dommarar: Utgård, Møse, Kallerud, Ringnes, Falch
Saka gjaldt direktekrav frå ein entreprenør mot to underrådgivarar som var engasjerte av avtaleparten til entreprenøren.
Statsbygg inngjekk som byggherre avtale med eit entreprenørselskap om rehabilitering av delar av «Midtbygningen», som er ein av universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo. Entreprenøren inngjekk på si side kontrakt med eit arkitektfirma som skulle stå for rådgiving mv.
Kontrakten var basert på NS 8402, som ikkje inneheld reglar om direktekrav. Arkitektfirmaet engasjerte to underrådgivarar til å bistå seg, utan at det blei avtalt at entreprenøren kunne gjere krav gjeldande direkte mot dei.
Arkitektfirmaet gjekk konkurs. Entreprenøren gjorde da gjeldande erstatningskrav direkte overfor underrådgivarane.
Fleirtalet i Høgsterett – tre dommarar – kom til at det i dette tilfellet ikkje kunne settast fram direktekrav etter ulovfesta rett. Mindretalet – to dommarar – kom til det motsette resultatet.
Avgjerda avklarer høvet til å fremme direktekrav i entrepriseforhold etter ulovfesta rett.