Erstatning etter rideulykke - spørsmål om aksept av risiko

Høgsteretts dom 1. mars 2018, HR-2018-403-A, (sak nr. 2017/1252), sivil sak, anke over dom

A (advokat Tom Eivind Haug) mot Gjensidige Forsikring ASA (advokat Merete Anita Utgård)

Dommarar: Bull, Bergh, Arntzen, Bårdsen, Tønder

Høgsterett kom til at ein ryttar som hadde komme til skade etter å ha blitt kasta av ein rideskolehest ho hadde leigd, kunne krevje erstatning av ridesenteret i medhald av ein regel i skadeerstatningslova som seier at eigarar utan omsyn til eiga skyld har ansvar for personskadar som er valda av dyra deira.

Den skadelidne ryttaren hadde leigd ein hest som ridesenteret brukte som rideskolehest. Medan ho var ute på tur med hesten, «bukka» han, slik at ho blei kasta av hesten og kom til skade.

Spørsmålet i saka var om ho i utgangspunktet hadde akseptert risikoen for skaden. Høgsterett la til grunn at den som regelmessig tar seg ein tur på ein rideskolehest, før eller sidan må rekne med å falle av hesten, men ikkje at slike fall fører til skadar som er så alvorlege at dei fører til økonomisk tap.

Risikoen for slike skadar kan da ikkje reknast som akseptert. Rideskolar driv derimot ei kommersiell verksemd der personskadar frå tid til anna er ein typisk og pårekneleg risiko, sett frå deira perspektiv. Dei er dermed dei nærmaste til å bere risikoen for slike skadar.

Det blei tatt atterhald om utleige av hestar til erfarne ryttarar for særleg risikofylte aktivitetar der ryttaren kjenner risikofaktorane godt. Høgsterett peikte også på at skadar kan oppstå ved omgang med dyr utan at det nødvendigvis er dyret som valdar skadane.

Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå regelen om ansvar for dyreeigarar i skadeerstatningslova, og meir generelt om bruken av synspunktet aksept av risiko i erstatningsretten.