Erstatning for pasientskade
Høgsteretts dom 6. juni 2018, HR-2018-1056-A, (sak nr. 2018/219), sivil sak, anke over dom, A(advokat Cecilie Sethil Stuberg) mot Staten v/Pasientskadenemnda(advokat Bente Åshild Tautra)
Dommarar: Noer, Arntzen, Berglund, Bergh, Webster
Ein mann som hadde fått ein nerveskade i beina i samband med ein hofteoperasjon, fekk ikkje medhald av Høgsterett i at han hadde krav på pasientskadeerstatning.
Saka gjaldt korleis ein skal forstå pasientskadelova § 3, som er ein særleg bevisregel for pasientskadar med uoppklart årsak. Regelen er særleg mynta på såkalla leiringsskadar, ein type nerveskadar som kan oppstå ved operasjonar og andre inngrep.
Høgsterett kom til at regelen gjaldt sjølv om det her var tvilsamt om årsaka var uoppklart, og sjølv om det var ein kjend medisinsk risiko.
Høgsterett konkluderte vidare med at ein ikkje kunne forstå føresegna som ein regel om tilnærma objektivt ansvar. Konklusjonen i lagmannsretten om at det ikkje låg føre svikt, bygde på denne rettsforståinga, og avgjerda blei oppretthalden.
Dommen gir rettleiing for korleis ein skal forstå den særlege bevisregelen for pasientskadar med uoppklart årsak i pasientskadelova § 3.