Erstatning for uforholdsmessig nødverjehandling

Høgsteretts dom 20. desember 2018, HR-2018-2427-A, (sak nr. 18-072545SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Pål Sverre Hernæs) mot B (advokat Christian Lundin)

Dommarar: Matningsdal, Møse, Bull, Arntzen, Høgetveit Berg

Høgsterett forkasta anken over ein lagmannsrettsdom der ein mann var dømd til å betale erstatning for ei handling som han var blitt strafferettsleg frifunnen for på grunn av nødverje. 

Etter at to personar var komne i snakk utanfor ein utestad i Oslo, dytta den eine til den andre, og den andre, som oppfatta det slik at det ville komme eit slag til, reagerte med eit velretta svingslag mot hakepartiet til angriparen, som fall i bakken og blei alvorleg skadd i fallet. Da saka kom opp for lagmannsretten, blei den som hadde verja seg, frifunnen av juryen. Dei tre fagdommarane, som la til grunn at frifinninga var grunngitt med nødverje, kom til at slaget, i eit erstatningsrettsleg perspektiv, overskreid grensene for ei forsvarleg nødverjehandling. Dei meinte at den som hadde verja seg, hadde handla grovt aktlaust, og dømde han til å betale oppreisningserstatning til den skadelidne. 

Spørsmålet i saka var om frifinninga for straffekravet innebar at nødverjehandlinga heller ikkje kunne medføre erstatningsansvar. Høgsterett meinte at ein kunne sjå den skadevaldande handlinga som ei rettmessig nødverjehandling i straffesaka, men at handlinga likevel kunne vurderast til å vere grovt aktlaus i eit erstatningsrettsleg perspektiv. Grunngivinga til lagmannsretten krenkte heller ikkje uskuldspresumsjonen i Grunnlova § 96 andre ledd og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 6 nr. 2. 

Dommen gir rettleiing om forholdet mellom ei strafferettsleg og ei erstatningsrettsleg vurdering av ein nødverjesituasjon, og om bruk av uskuldspresumsjonen i Grunnlova og EMK.

Les heile avgjerda