Erstatning i samband med reguleringsvedtak
Høgsteretts dom 14. desember 2018, HR-2018-2388-A, (sak nr. 18-083932SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, I. Sandnes kommune (advokat Per Trygve Sekse) mot Oddgunn Knutsen Lars Torgrim Knutsen (advokat Atle Helljesen), II. Oddgunn Knutsen, Lars Torgrim Knutsen (advokat Atle Helljesen) mot Sandnes kommune (advokat Per Trygve Sekse)
Dommarar: Endresen, Webster, Bull, Bergh, Berglund
Saka gjaldt ein eigedom som var brukt som og opphavleg regulert til bustad. I 2001 vedtok kommunen ein reguleringsplan for ein større godsterminal for jernbanen i nærleiken av eigedommen. Ved ein seinare reguleringsplan blei eigedommen omregulert til industri.
I samband med bygging av godsterminalen blei Jernbaneverket pålagt å sørge for støyskjerming av bustader i området. Det var ein føresetnad at Jernbaneverket skulle innløyse eigedommar der forskriftsbestemte krav til støynivå ikkje lét seg oppfylle.
Erstatningskravet bygde mellom anna på at kommunen skulle ha stilt eit absolutt krav overfor Jernbaneverket om innløysing til gjenkjøpsverdi av den aktuelle eigedommen.
Høgsterett kom til at kommunen ikkje hadde hatt høve til å stille eit slikt krav. Kommunen hadde heller ikkje på annan måte opptredd rettsstridig i samband med reguleringsvedtaka.
Avgjerda gir mellom anna rettleiing om høvet til å stille vilkår om innløysing i samband med ein reguleringsplan.