Erstatningsansvar for eigedomsmeklar
Høgsterettsdom dom 26. juni 2018, HR-2018-1234-A, (sak nr. 2017/1695), sivil sak, anke over dom, A (advokat Elling André Lillefuhr) mot Heimdal Eiendomsmegling AS og Tryg Forsikring NUF (advokat Knut Søraas)
Dommarar: Bergh, Noer, Arntzen, Sverdrup, Matheson
Eit eigedomsmeklarføretak og forsikringsselskapet til selskapet blei frifunne for krav om erstatning.
Saka gjaldt salet av ein bygard i Trondheim. Avtalen med meklarføretaket var inngått av to søsken. Før salet budde eitt av søskena og nokre andre familiemedlemmer i bygarden. Andre delar av bygarden var leigde ut til utanforståande.
Etter at det var gjennomført annonsering og vising, aksepterte seljarane eit bod på 20 millionar kroner. I ettertid gjorde dei gjeldande at det var ei rekke feil ved måten meklaren hadde utført oppdraget på. Høgsterett fann at det springande punktet i saka var om meklaren hadde opptredd aktlaust ved at han ikkje hadde informert seljarane om ein interessent han hadde vore i kontakt med, men som ikkje hadde gitt bod.
Høgsterett kom til at meklaren burde ha informert seljarane, men kom under tvil til at han ikkje hadde utvist ei aktløyse som kunne utløyse erstatningskrav. Det var ingen feil at meklaren hadde akseptert at den seinare kjøparen hadde forlengt den opphavlege bodfristen på det vilkåret at meklaren ikkje skulle gå aktivt ut og innhente andre bod.
Krav knytte til vederlagskrav frå meklaren førte heller ikkje fram.