Erstatningsansvar for mindreårig etter forsettleg drap
Høgsterettsdom 1. juni 2018, HR-2018-1014 -A, (sak nr. 2017/2020), sivil sak, anke over dom, A v/verger (advokat Svein Kjetil Stallemo)mot B,C (advokat Kristine Eide) D,E,F,G,H (advokat Kai Knudsen)
Dommarar: Berglund, Bergsjø, Webster, Noer, Øie
Høgsterett kom til at ein mindreårig gut var erstatningsansvarleg overfor dei etterlatne etter drap. Det samla beløpet utgjorde nærmare 1,5 millionar kroner.
Ein 15 ½ år gammal gut var i lagmannsretten dømd til fengsel i 11 år for drapet på ein jamaldra gut og ei vaksen kvinne. Spørsmålet for Høgsterett var om han skulle påleggast erstatningsansvar for gravferdsutgiftene og erstatning for ikkje-økonomisk tap (oppreisning) til dei etterlatne.
Høgsterett fann at den særskilde erstatningsføresegna for barns ansvar i skadeerstatningslova § 1-1 gav heimel for det. Dei grove handlingane tilsa fullt ansvar, trass i den unge alderen og den lange fengselsstraffa han var dømd til. Sjølv om erstatningsansvaret ville vere byrdefullt, ville det vere mogleg å betene kravet.
Omsynet til det beste for barnet kunne ikkje føre til eit anna resultat. Oppreisninga til kvar av dei sju etterlatne blei sett til 200 000 kroner, i tråd med norma som er fastsett i rettspraksis ved forsettleg drap.
Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå skadeerstatningslova § 1-1 om barns erstatningsansvar.