Felles testament kunne ikkje kallast attende

Høgsteretts dom 18. desember 2018, HR-2018-2424-A, (sak nr. 18-070825SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A, B, C, D, E, F, G, H, I, J (advokat Svein Arne Hagen) mot K (advokat Per Ludvig Erland)

Dommarar: Indreberg, Møse, Noer, Kallerud, Høgetveit Berg

Tolking av felles testament. Felles testament kunne ikkje kallast attende. 

Spørsmål om lengstlevande testator etter felles testament kunne tilbakekalle testamentet etter at ektemaken var avliden eller om testamentet også var ei arvepakt. 

Høgsterett kom til at eit fråfall av retten til å kalle attende eit testament ikkje treng å vera eksplisitt, men kan følgje av ei tolking av testamentet der ein også legg vekt på omstende som ikkje er nedfelt i sjølve dokumentet. Ein bør ha ganske sterke haldepunkt for å legge til grunn at arvelataren har meint å binde testasjonskompetansen. 

I den konkrete tolkinga la Høgsterett avgjerande vekt på føremålet med den felles testasjonen. 

Dommen gjev rettleiing for tolking av felles testament som også kan vera ei arvepakt.

Les heile avgjerda