Fiskeoppdrettsverksemd i militært forbodsområde

Høgsteretts dom 8. oktober 2018, HR-2018-1907-A, (sak nr. 18-048256SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Staten v/Forsvarsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Kjelstrup Emberland) mot Blom Fiskeoppdrett AS (advokat Johan Henrik Peter Rand Garmann)

Dommarar: Ringnes, Bårdsen, Webster, Falch, Matningsdal

Spørsmål om lov 20. mars 1998 nr. 10 om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerheitslova) § 18 a gir heimel for å forby ei fiskeoppdrettsverksemd som ligg innanfor eit militært forbodsområde. 

Forsvarssjefen har med heimel i sikkerheitslova § 18 a fastsett ei forskrift om militære forbodsområde innan Sjøforsvaret. Det er her etablert eit forbodsområde i tilknyting til Sjøforsvarets målestasjon på Heggerneset i Herdlefjorden. Innanfor dette området ligg fiskeoppdrettsanlegget til Blom Fiskeoppdrett AS. Åtgangsforbodet etter forskrifta har som konsekvens at anlegget ikkje kan moderniserast og utvidast, noko ein må gå ut frå fører til at verksemda ikkje kan halde fram eller må flytte. 

Eit fleirtal på fire dommarar kom til at sikkerheitslova § 18 a gir heimel for å fastsette åtgangsforbod som har slike konsekvensar. Fleirtalet la avgjerande vekt på den vide ordlyden i og formålet med føresegna. Staten ved Forsvarsdepartementet blei frifunnen. 

Eit mindretal på éin dommar meinte at anken frå staten berre delvis kan føre fram, og at § 18 a ikkje gir Forsvaret så vidtrekkande fullmakter. Mindretalet la avgjerande vekt på at Stortinget ikkje har hatt høve til å gjere dei overordna avvegingane av konsekvensane av eit åtgangsforbod. 

Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå Grunnlova § 113 (legalitetsprinsippet) ved forvaltningsrettsleg fullmaktslovgiving, og korleis sikkerheitslova § 18 a og § 7-5 i den nye lova om nasjonal sikkerheit skal tolkast når denne lova trer i kraft. Dommen inneheld også utsegner om kravet til rettsleg interesse i tvistelova § 1-3.

Les heile avgjerda