Flyktningrett - vern av privatlivet

Høgsteretts dom 8. november 2018, HR-2018-2133-A, (sak nr. 2017/2179), sivil sak, anke over dom, A, B, C, D (advokat Torbjørn Kolås Sognefest) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Anne Hesjedal Sending)

Dommarar: Kallerud, Bergh, Ringnes, Bårdsen, Indreberg

Flyktningar med mellombels opphaldsløyve i Noreg hadde ikkje etablert eit privatliv i Noreg, jf. Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8, som utlendingsmyndigheitene måtte ta i betraktning. Opphaldsløyvet kunne gyldig kallast tilbake. 

Ei kvinne fekk – saman med ei tre år gammal dotter – mellombels opphaldsløyve med flyktningstatus. Grunnlaget for løyvet var at ho var ei einsleg afghansk kvinne utan mannleg nettverk i Afghanistan. Etter noko tid fekk ho kontakt med ektefellen sin, og også han kom til Noreg. Dei forholda som førte til at ho fekk vern som flyktning, var dermed falle bort, og utlendingsmyndigheitene kalla opphaldsløyvet tilbake. 

Høgsterett kom til at eit mellombels opphaldsløyve til utlendingar med flyktningstatus vanlegvis ikkje gir grunnlag for å etablere eit privatliv som er verna mot inngrep frå utlendingsmyndigheitene etter EMK artikkel 8. 

Avgjerda klargjer korleis ein skal forstå retten til respekt for privatlivet etter Grunnlova 
§ 102 og EMK artikkel 8 og høvet til å kalle tilbake mellombels opphaldsløyve. 

Les heile avgjerda