Forbod mot vinterbrøyting av veg kjent ugyldig
Høgsterettsdom 31. mai 2018, HR-2018-1004-A, (sak nr. 2017/2032), sivil sak, anke over dom, Haldor Toftaker, Arnhild Dørum Jacobsen, Geir Sparling Jacobsen, Audun Vognild, Per Henrik Vognild (advokat Ivar Chr. Andersskog) mot Gjevilvassveien SA v/styrets leder (advokat John Egil Bergem)
Dommarar: Sverdrup, Ringnes, Noer, Berglund, Tønder
Eit årsmøtevedtak i Gjevilvassveien SA som nekta nokre av medlemmene å vinterbrøyte vegen til eigedommane sine, blei kjent ugyldig.
Fire dommarar kom til at bruksretten til vegen for seter- og skogeigarane også omfatta rett til å køyre bil til næringseigedommane om vinteren. Eit fleirtal i Gjevilvassveien SA hadde da ikkje rett til å gripe inn i retten ved å forby brøyting av vegen.
Éin dommar kom til same resultat under tilvising til avgjerda i jordskifteretten og vernet som mindretalet har etter samvirkelova.