Forbodet i viltlova mot å skilja jaktrett frå eigedommen

Høgsteretts dom 20. september 2018, HR-2018-1782-A, (sak nr. 18-071951SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Frank Stian Steinsland (advokat Gerd Aaland Fagerli) mot Magnar Helland (advokat Magne Revheim)

Dommarar: Bergh, Ringnes, Møse, Normann, Utgård

Høgsterett kom til at ein avtale som var inngått i 1963, var i strid med lova og dermed ugyldig mellom partane. 

Den ankande parten overtok ein utmarkseigedom i 1963. Det blei avtalt at seljaren likevel skulle behalde jaktretten på denne eigedommen. Jaktlova som gjaldt på det tidspunktet, inneheldt eit forbod mot å skilje jaktretten frå eigedommen for ein lengre periode enn ti år. Eit tilsvarande forbod finst i den noverande viltlova § 28. 

Høgsterett uttalte at ordlyden i lova er klar, og at det ikkje låg føre omstende som kunne gi grunnlag for å fråvike ordlyden. Lova må tolkast slik at brot på føresegna inneber at avtalen er ugyldig mellom partane. 

Les heile avgjerda