Forsikringsoppgjer etter bilulykke med personskade
Høgsterettsdom 28. august 2018, HR-2018-1612-A, (sak nr. 2017/2212), sivil sak, anke over dom, A (advokat Kjetil Drolsum Sandnes) mot Alpha Insurance AS (advokat Elisabeth Slaaen Westrum)
Dommarar: Normann, Kallerud, Bergh, Arntzen, Webster
Høgsterett kom til at seksmånadersfristen i forsikringsavtalelova § 18-5 andre ledd ikkje kan gjerast gjeldande etter at foreldingsfristen er avbroten.
A blei alvorleg og varig skadd i ei bilulykke. Arbeidsgivaren hans hadde teikna personalulykkesforsikring hos Alpha Insurance AS – Alpha – som hadde utvida dekninga til å omfatte reise til og frå arbeid. A hadde bilforsikring i AIG Europe Limited. Skaden blei meld til begge forsikringsselskapa, som – med ulik grunngiving – i første omgang avviste kravet.
Alpha gjorde gjeldande at betalingsplikta deira under personalulykkesforsikringa var subsidiær til utbetaling under bilansvarsforsikringa. A klaga dette inn for Finansklagenemnda.
Etter at A fekk støtte for dette synet i sekretariatsnemnda, betalte forsikringsselskapet ut delar av erstatningskravet. I ein e-post 3. november 2014 opplyste Alpha at resten av kravet var avslått, og at ytterlegare krav måtte settast fram ved stemning eller klage til Finansklagenemnda innan seksmånadersfristen i § 18-5 andre ledd.
Stemninga kom inn til Oslo tingrett 8. september 2015. Høgsterett kom til at erstatningskravet ikkje var forelda etter seksmånadersfristen i forsikringsavtalelova § 18-5 andre ledd.
Avgjerda gir rettleiing for forholdet mellom dei alminnelege reglane i foreldingslova og foreldingsreglane i forsikringsavtalelova.