Høgsterett frifann forsikringsselskap for krav om erstatning etter nakkesleng
Høgsterettsdom 21. mars 2018, HR-2018-557-A, (sak nr. 2017/342), sivil sak, anke over dom,
If Skadeforsikring NUF (advokat Truls Nygård) mot A (advokat Sven Knagenhjelm)
Dommarar: Bårdsen, Normann, Sverdrup, Falch, Matningsdal
Den skadelidne er i dag heilt arbeidsufør på grunn av kroniske smerter og utmatting. Ho har behov for assistanse døgnet rundt. Problemstillinga for Høgsterett var om smertene og andre plager ho har i dag, kan førast tilbake til skadar som følge av eit nakkeslengtraume under ein kollisjon i 2002.
Eit sentralt tema var om det heilt atypiske smertebildet etter så lang tid kan forklarast med at kvinna er overfølsam for nevrologisk smerte – i saka omtalt som sentral sensitisering.
Dommen vidarefører den etablerte praksisen i Høgsterett med å vurdere den faktiske årsakssamanhengen i nakkeslengsaker, og legg til grunn at sentral sensitisering ikkje er ei medisinsk anerkjend forklaring på korleis ei utvikling som startar med eit moderat nakkeslengtraume, kan ende i fullstendig uførleik fleire år seinare.