Forsikringsselskapets ansvar når bilførar er psykotisk
Høgsteretts dom 12. september, HR-2018-1729-A, (sak nr. 18-34154SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, A, B, C, D (advokat Anette Cecilie Kjørrefjord Eckhoff) mot Euro Insurances DAC (advokat Rune Tveit)
Dommarar: Bergsjø, Berglund, Noer, Webster, Endresen
Høgsterett kom til at ansvaret til trafikkforsikringsselskapet etter bilansvarslova § 4 andre punktum er avgrensa til det oppreisningsbeløpet som den personlege skadevaldaren kunne vore halden ansvarleg for.
Ein psykotisk bilførar forårsaka i februar 2014 ei dødsulykke på fylkesvei 602 mellom Bolkesjø og Notodden. I relativt høg fart svinga han brått over i motsett køyrebane og kolliderte front mot front med ein møtande personbil.
Hensikta var å ta sitt eige liv. Føraren av den møtande bilen omkom, og dei etterlatne etter han fremma krav om oppreisningserstatning mot trafikkforsikringsselskapet til den skadevaldande bilen.
I lagmannsretten var det rettskraftig avgjort at den psykotiske bilføraren hadde opptredd grovt aktlaust, og at han kunne vore pålagd å betale 75 000 kroner i oppreisning til kvar av dei etterlatne etter skadeerstatningslova § 1-3 om "sinnsykes" erstatningsansvar.
Spørsmålet for Høgsterett var om også ansvaret til trafikkforsikringsselskapet var avgrensa til dette beløpet, noko Høgsterett svarte bekreftande på.
Dommen avklarer rammene for kva ansvar trafikkforsikringsselskap har for oppreisningserstatning etter bilansvarslova § 4 andre punktum.