Gassled-saka: Ikkje grunnlag for ugyldigheit

Høgsterettsdom 28. juni 2018, HR-2018-1258-A, (sak nr. 2017/1891), sivil sak, anke over dom, CapeOmega AS (advokat Thomas G. Michelet og rettslig medhjelper advokat Kyrre Eggen), Solveig Gas Norway AS, Silex Gas Norway AS, Infragas Norge AS (advokat Jan B. Jansen advokat Thomas K. Svensen og rettslig medhjelper advokat Kyrre Eggen) mot Staten v/Olje- og energidepartementet (Regjeringsadvokaten v/assisterende regjeringsadvokat Tolle Stabell, advokat Christian Fredrik Michelet og rettslig medhjelper advokat Håvard H. Holdø)

Dommarar: Bårdsen, Kallerud, Falch, Ringnes, Endresen

Saka gjaldt gyldigheita av eit vedtak i Olje- og energidepartementet 26. juni 2013 om endring av forskrift 20. desember 2002 nr. 1724 om fastsettelse av tariffer mv. for bestemte innretninger (tarifforskrifta).

Forskriftsendringa innebar ein reduksjon i prisen for transport av gass i gassrøyrleidningssystemet som utgjer Gassled. Dei ankande partane er deleigarar i Gassled og får dermed lågare inntekter som følge av forskriftsendringa. 

Tvisten knytte seg til om endringa hadde tilstrekkeleg lovheimel. Det var vidare spørsmål om tariffreduksjonen innebar ei krenking av eigedomsvernet til Gassled-eigarane etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen protokoll 1 artikkel 1. 

Høgsterett konstaterte at endringa av tarifforskrifta i 2013 hadde heimel i petroleumslova § 10-18 første ledd og § 4-8 første ledd tredje punktum og petroleumsforskrifta § 70, og at endringa også var i tråd med retningslinjene i petroleumsforskrifta § 63 fjerde ledd.

Reguleringa innebar ikkje ei krenking av eigedomsvernet til dei ankande partane etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Det var dermed ikkje grunnlag for å kjenne forskriftsendringa ugyldig.

Les heile avgjerda