Heving av avtale om kjøp av tomt til bustadformål
Høgsteretts dom 10. desember 2018, HR-2018-2346-A, (sak nr. 18-100490SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Tommy Roar Edvardsen, Camilla Aakerøy Lorentzen (advokat Eirik Wensell Raanes) mot Lillian Holstad, Siri Holstad Næss (advokat Svein Inge Skipnes)
Dommarar: Bårdsen, Normann, Bull, Bergsjø, Arntzen
Kjøparane av ei tomt i Bodø kunne ikkje bygge bustadhus på eigedommen på grunn av forbodet i veglova § 29 andre ledd mot å bygge nærmare riksveg enn 50 meter. Eigedommen var annonsert som tomt til bustadformål, og kjøparane hadde fått oversendt frådelingsløyvet, der det same formålet var angitt.
Frådelingsløyvet inneheldt også opplysningar om utnyttingsgraden av eigedommen, og om at det var gitt tilkoplingsløyve til kommunalt VA-anlegg og avkøyrselsløyve for ny parsell. Kjøparane og seljarane hadde ein felles føresetnad om at tomta skulle utnyttast til bustadformål, noko også tomteprisen bar bod om.
Da det seinare viste seg at det allereie på frådelingstidspunktet låg føre forhold som gjorde at Vegvesenet ikkje kunne gi dispensasjon frå byggeforbodet, slik at ein ikkje kunne bygge på eigedommen, fann Høgsterett at det låg føre ein mangel som gav kjøparane rett til å heve kjøpet og krevje erstatning.
Dommen er eit eksempel på at seljarane kan ha risikoen for lovbestemte rådigheitsinnskrenkingar som gjer at ein eigedom ikkje kan utnyttast til det formålet han er marknadsført som.