Objektivt ansvar for skade valda av rein på dyrka mark

Høgsterettsdom 9. mai 2018, HR-2018-872-A, (sak nr. 2017/1668), Femund sitje (advokat Knut Helge Hurum) mot Vidar Fredheim, Jonas Jensen Midtdal, Stian Nylend , Jens Narjord, Gunn Tengesdal, Anders A Hodøl, Rødalen fellesseter, Erik Jachwitz, Per Inge Nyvoll, Per Broen (advokat Øyvind Kraft)

Dommarar: Berglund, Ringnes, Bergh, Høgetveit Berg, Matningsdal

Høgsterett oppheva delvis avgjerdene i jordskifteoverretten og lagmannsretten om erstatning for skade på avling som kom av at rein var kommen inn på innmark, fordi spørsmålet om medverknad eller lemping ikkje var tilstrekkeleg drøfta.

På grunn av spesielle vêrforhold hausten 2012 var ein god del rein kommen inn på innmark. Dette førte til skade på avlingar, og gardbrukarane i området kravde beiteskjønn. Ti av dei blei tilkjende erstatning.

Spørsmålet i saka var om føresegna i reindriftslova § 67 om objektivt solidaransvar for reineigarar er i strid med vernet av samane som urfolk etter Grunnlova og folkerettslege reglar. Høgsterett konkluderte ikkje i dette spørsmålet, men viste til at føresegna må supplerast med skadeerstatningslova §§ 5-1 og 5-2 om medverknad og lemping. Desse forholda var ikkje tilfredsstillande drøfta av jordskifteoverretten eller lagmannsretten, og avgjerdene måtte opphevast på desse punkta.

Høgsterett gav uttrykk for at det var uheldig at forslaget frå Samerettsutvalet i 2007 om revisjon av erstatningsreglane ikkje var følgde opp, og peikte på at FNs menneskerettskomité nyleg gav uttrykk for det same.

Saka gir rettleiing i korleis ein skal forstå reindriftslova § 67 om objektivt ansvar for skade valda av rein, og slår fast at paragrafen skal supplerast av føresegnene i skadeerstatningslova.

Les heile avgjerda