Ikkje krav på sjukepengar
Høgsteretts dom 10. desember 2018, HR-2018-2344-A, (sak nr. 18-057336SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokatenv/advokat Erik Bratterud) mot A (advokat Hedvig Cecilie Svardal)
Dommarar: Bårdsen, Normann, Bergsjø, Arntzen, Falch
Fastlegen sjukmelde ein pasient med diagnosen «psykisk ubalanse situasjonsutløyst», etter at sonen hennar var blitt alvorleg sjuk. Seinare blei sjukmeldinga forlengd, etter at pasienten hadde komme i konflikt med arbeidsgivaren.
Høgsterett kom til at det ikkje var sannsynleggjort at pasienten sjølv var sjuk. Ho hadde derfor ikkje krav på sjukepengar etter folketrygdlova § 8-4.
I vurderinga la Høgsterett vekt på at verken legejournalen eller utfyllande brev frå fastlegen til Nav inneheldt opplysningar om symptom og funksjonsnivå som viste at pasienten hadde ein «sjukdom» som definert i lova. Det fekk da ikkje avgjerande betydning at fastlegen og pasienten hadde gitt utfyllande opplysningar i lagmannsretten fleire år seinare.
Dommen gir rettleiing om vilkåra for å få sjukepengar.