Kapitaliseringsrente ved ekspropriasjon

Høgsterettsdom 11. september 2018, HR-2018-1715-A, (sak nr. 2018/8), sivil sak, anke over overskjønn, Bane NOR SF (advokat Birgitte Bie Mørkved), (Rettsleg medhjelpar: advokat Steinar Mageli) mot Birkelunden Investeringsselskap AS SkeidarLiving Group AS Skeidar Ski AS (advokat Roar R. Lillebergen)

Dommarar: Bergh, Bergsjø, Falch, Møse, Utgård

Høgsterett kom til at kapitaliseringsrenta ved ekspropriasjon i næringsforhold skal skje med utgangspunkt i ei reinvestering i den verksemda ekspropriaten driv. Det inneber at den standardiserte satsen for kapitaliseringsrente på 4 prosent, som mellom anna blir brukt i personskadesaker, ikkje utan vidare skal brukast i slike tilfelle. 

Saka gjaldt ekspropriasjon av delar av eit større næringsbygg. Lagmannsretten hadde under tilvising til rettspraksis lagt til grunn at den standardiserte satsen skulle brukast, utan at det var grunn til å vurdere dei konkrete forholda i satsen.

Høgsterett uttalte at utsegner i tidlegare avgjerder kunne framstå som generelle, men at det likevel ikkje var etablert ein alminneleg regel om at kapitaliseringsrenta ikkje skulle settast høgare enn den standardiserte rentesatsen.

I eit tilfelle som dette måtte renta fastsettast med utgangspunkt i den tilpassingsplikta som følger av rettspraksis. Det blei vidare framheva at den standardiserte rentesatsen ikkje skal brukast når det er tale om tap i ein kort tidsperiode. 

Éin dommar dissenterte og bygde på at den standardiserte rentesatsen etter rettspraksis skal brukast også ved ekspropriasjon av næringseigedom, under føresetnad av at det dreier seg om tap som strekker seg over lengre tid.

Les heile avgjerda