Krav om å oppfylle plikt til å teikne aksjar ved auke av aksjekapitalen

Høgsterettsdom 18. januar 2018, HR-2018-111-A, (sak nr. 2017-1573), sivil sak, anke over dom

Ree Minerals Holding AS (advokat Knud Jacob Knudsen) mot Norman Finans AS (advokat Stein Owe)

Dommarar: Normann, Noer, Høgetveit Berg, Falch, Matningsdal

Høgsterett kom til at betalingsplikta til aksjeteiknaren ikkje var fallen bort ved oversittinga av meldefristen i aksjelova § 10-9 tredje ledd, når dette kom av betalingsmishald hos teiknaren sjølv.

Det var inngått ein gjensidig forpliktande og bindande avtale mellom selskapet og aksjeteiknaren som innebar at selskapet skulle levere 75 000 aksjar mot at teiknaren betalte 12 millionar kroner. Beløpet blei ikkje betalt innan meldefristen i aksjelova § 10-9 tredje ledd. At det følger av lova at teikninga da ikkje lenger er bindande, kunne ikkje vere avgjerande når fristoversittinga kom av betalingsmishaldet til teiknaren.

Dersom lovgivaren hadde meint å fråvike eit så grunnleggande kontraktrettsleg prinsipp og innføre ein regel om at ein part kan fri seg frå si eiga avtaleforplikting ved sjølv å mishalde denne plikta, måtte dette ha gått klart fram.

Dommen gir rettleiing for tolkinga av aksjelova § 10-9.

Les heile avgjerda