Krav på dagsmulkt hadde ikkje falle bort
Høgsteretts dom 27. februar 2018, HR-2018-383-A, (sak nr. 2017/1227), sivil sak, anke over dom
Ole Kjær (advokat Hallvard Østgård) mot Jorun Elisabeth Pedersen, Tron Walseth (advokat Kristoffer Dons Brøndbo)
Dommarar: Falch, Arntzen, Webster, Noer, Endresen
Saka gjaldt om forbrukarar hadde krav på dagsmulkt fordi ferdigstillinga av ei leilegheit i Tromsø blei forseinka. Spørsmålet for Høgsterett var om kravet hadde falle bort etter bustadoppføringslova § 48 tredje ledd eller etter ulovfesta passivitetsreglar fordi forbrukarane ikkje hadde sett fram kravet i tide.
Høgsterett kom til at kravet om dagsmulkt framleis gjaldt. Krav frå forbrukarane til entreprenøren blir ikkje ramma av reglane om sluttoppgjer i § 48, og forbrukarane hadde også sett fram kravet tidsnok til ikkje å bli ramma av ulovfesta passivitetsreglar.
Dommen gir i første rekke rettleiing om korleis ein skal forstå bustadoppføringslova § 48.