Pålegg om å legge fram advokatrekneskap med bilag som bevis i ei rettssak

Høgsteretts orskurd 18. desember 2018, HR-2018-2403-A, (sak nr. 18-084484SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

Forvalter for tidligere advokat Jon Eilif Orrems advokatvirksomhet, advokat Anne Helsingeng (advokat Anne Helsingeng) mot AIG Europe Limited (advokat Svein Åge Bergset), Tryg Forsikring, Storetvedt Regnskapsbyrå AS (advokat Trine Vøien)

Dommarar: Webster, Normann, Noer, Arntzen, Bergh

Høgsterett kom til at orskurdane i tingretten og lagmannsretten, som påla at rekneskapen skulle leggast fram, bygde på ei uriktig lovtolking. 

Pålegget var retta mot ein advokat som forvalta advokatverksemda til ein tidlegare advokat. Dokument med opplysningar som er omfatta av teieplikta til advokatar, er underlagde bevisforbod etter tvistelova § 22-5. Høgsterett uttalte at det likevel kan ligge føre ei plikt til å legge fram delar av dokument – etter sladding – dersom ein med det oppnår at bevisforbodet ikkje blir krenkt. 

For at ein skal kunne gi pålegg om å legge fram sladda dokument, er det for det første eit krav at det etter sladding er mogleg å legge fram dokumenta med ein stor grad av sikkerheit for at bevisforbodet ikkje blir krenkt, jf. tvistelova § 26-7 andre ledd. For det andre må kravet til proporsjonalitet i tvistelova § 26-5 tredje ledd vere oppfylt. Høgsterett kom til at tingretten og lagmannsretten ikkje hadde brukt desse føresegnene riktig. Vurderingane måtte skje med utgangspunkt i at kravet om framlegging var retta mot en tredjeperson, og at det her var tale om eit svært omfattande materiale. Orskurdane blei oppheva. 

Avgjerda avklarer plikta til å legge fram i utgangspunktet teiepliktig materiale i sladda form som bevis i ei rettssak.

Les heile avgjerda