Prisavslag ved oppføring av ny bustad

Høgsteretts dom 28. februar 2018, HR-2018-392-A, (sak nr. 2017/1654), sivil sak, anke over dom

Edvart Severin Øyerhamn, Hanne Elin Hellesøy (advokat Thor Harald Eike) mot Vest-Eiendom AS (advokat Jens Otto Haugland)

Dommarar: Indreberg, Bull, Berglund, Bergsjø, Tønder

Kjøparane fekk medhald i kravet om eit prisavslag på 85 000 kroner for feilplassering på tomta av ein ny bustad. 

Eit par hadde inngått kontrakt med ein utbyggar om kjøp av ein einebustad under oppføring. Bustaden blei ved ein feil oppført lenger mot nordaust enn avtalt, noko som medførte at passasjen mellom bustaden og naboeigedommen blei mindre og innsynet i husa større.

Å rette opp feilen blei sett på som uforholdsmessig kostbart, og entreprenøren hadde ikkje spart noko på det. Etter bustadoppføringslova har forbrukaren da rett til eit prisavslag som svarer til verdireduksjonen som mangelen fører med seg.

Det blei ikkje gjort gjeldande for Høgsterett at den økonomiske verdien var påverka – spørsmålet var om verdireduksjonen for dei aktuelle forbrukarane kunne gi grunnlag for prisavslag. Høgsterett svarte under dissens 3–2 ja på spørsmålet.  

Saka har betydning for korleis ein skal forstå uttrykket «verdireduksjonen» i bustadoppføringslova § 33.

Les heile avgjerda