Regulering av festeavgift

Høgsterettsdom 9. mai 2018, HR-2018-865-S, (sak nr. 2017/1693), sivil sak, anke over overskjønn, Nannestad kommune(advokat Christian Piene Gundersen) mot Rådyrvegen borettslag  (advokat Torstein Burkeland)

 

Møter i saka i medhald av tvistelova § 30-13: Staten v/Justis- og beredskaps-(Regjeringsadvokaten departementetv/advokat Karen  Mellingen)

Dommarar: Endresen, Matningsdal, Tønder, Matheson, Noer, Bull, Bergsjø, Ringnes, Falch, Høgetveit Berg, Øie

Kravet førte ikkje fram.

Kommunen gjorde gjeldande for dei tidlegare instansane  at det tvillaust var avtalt at festeavgifta skulle regulerast etter endringar i tomteverdien. Dette førte ikkje fram, og partsutsegna blei  ikkje oppretthalden for Høgsterett.

For Høgsterett blei det i staden gjort gjeldande at det var ein uttalt føresetnad frå lovgivaren si side at dei same reglane skulle gjelde for offentlege som for private bortfestarar.

Kommunen meinte at EMK P 1-1 måtte ha ført til at tvillaust-kravet i den dagjeldande tomtefestelova § 15 andre ledd måtte tolkast bort eller settast til side på grunnlag av ei forrangsføresegn i menneskerettslova om bortfestaren i staden hadde vore eit privat rettssubjekt.

Føresetnaden frå lovgivaren si side om at vilkåra for private og offentlege bortfestarar skulle vere dei same, måtte da vere avgjerande.

Høgsterett fann at det ikkje var grunnlag for å avvike frå den etablerte tolkinga av tomtefestelova § 15, og at rettsstillinga for private bortfestarar under tilsvarande omstende ikkje var avgjerande for korleis lova skulle brukast på festeforholda i kommunen.

Dommen stadfestar at kommunar ikkje er verna av EMK, heller ikkje når dei opptrer i privatrettsleg samanheng.

Dommen klargjer vidare at det berre under ekstraordinære omstende kan vere aktuelt å omfortolke ei lov basert på seinare hendingar og ein hypotetisk lovgivarvilje.

Les heile avgjerda