Samtykke til adopsjon av fem år gammal gut oppretthalde
Høgsteretts dom 11. september 2018, HR-2018-1720-A, (sak nr. 2018/77), sivil sak, anke over dom, A (advokat Camilla Hagen) B (advokat Christian Gustavsen) mot X kommune (advokat Mette Yvonne Larsen)
Dommarar: Kallerud, Normann, Bull, Høgetveit Berg, Webster
Barnet blei tatt frå foreldra straks etter fødselen. Det hadde ikkje vore nokon kontakt mellom dei biologiske foreldra og barnet etter fødselen. Guten – som nyleg fylte fem år – har budd hos fosterforeldra sidan han var eitt år gammal. Han er svært sårbar og har eit særleg behov for vern.
Ut frå dei konkrete omstenda i saka kom Høgsterett til at det ville vere best for barnet om fosterforeldra fekk adoptere han.
Saka avklarer vurderingstemaet i denne sakstypen, også basert på praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen. Saka gir også eit eksempel på den konkrete avveginga av omsyna som gjer seg gjeldande i denne sakstypen.