Erstatningsansvar etter strafferettsleg frifinning
Høgsteretts dom 20. september 2018, HR-2018-1783-A, (sak nr. 18-049784SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, A (advokat John Christian Elden) mot B ved setteverge (advokat Arild Christian Dyngeland)
Dommarar: Bull, Møse, Normann, Bergh, Utgård
Idømming av erstatningsansvar etter at skadevaldaren i same sak er strafferettsleg frifunnen for handlinga
Høgsterett oppheva ein lagmannsrettsdom på grunn av krenking av uskuldspresumsjonen i Grunnlova § 96 andre ledd og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 2.
Skadevaldaren var i den same saka frifunnen av lagmannsretten for ein tiltale som gjaldt grove seksuelle overgrep overfor hans eiga dotter. Bevisa heldt ikkje til fellande straffedom, men lagmannsretten fann at det var klar sannsynsovervekt for at han hadde gjort seg skuldig i fleire av dei aktuelle handlingane, og dømde han derfor til å betale oppreisningserstatning til dottera.
I grunngivinga hadde lagmannsretten sitert delar av tingrettsdommen, der han var blitt funnen strafferettsleg skuldig. Etter ei totalvurdering av ordbruken i sitatet i kombinasjon med enkelte uttalar frå lagmannsretten sjølv kom Høgsterett til at lagmannsretten hadde krenkt uskuldspresumsjonen.
Når krenkinga låg i det samla inntrykket grunngivinga gav, snarare enn i bruken av enkelte ord og uttrykk, fann Høgsterett at krenkinga ikkje kunne reparerast berre ved at ho blei påpeikt i høgsterettsdommen. Lagmannsrettsdommen blei derfor oppheva.
Dommen bygger på rettspraksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og gir rettleiing om korleis uskuldspresumsjonen gjer seg gjeldande ved utforming av domsgrunnane når ein skadevaldar blir dømd til å betale erstatning for handlingar han er blitt strafferettsleg frifunnen for i same sak.