Skatt - spørsmål om rett til inntektsfrådrag
Høgsterettsdom 23. mars 2018, HR-2018-580-A, (sak nr. 2018/1712), sivil sak, anke over dom,
Salmar AS (advokat Morten Goller) mot Staten v/Skatt Midt-Norge (Regjeringsadvokaten v/advokat Henrik Kolderup)
Dommarar: Noer, Normann, Bårdsen, Webster, Endresen
Høgsterett kom til at eit selskap innan oppdrettsnæringa ikkje hadde krav på frådrag i sjølvmeldinga for økonomiske bidrag til lag og foreiningar i lokalsamfunnet.
Selskapet er eineeigar av den desidert største verksemda i øykommunen Frøya og hadde gitt tilskot til diverse ungdoms- og fritidsaktivitetar der. Ifølge selskapet var hovudformålet med tilskota å sikre stabil arbeidskraft ved å støtte tiltak som bidrog til permanent busetting i kommunen.
Kostnadene var derfor slik selskapet såg det, inntektsrelaterte og gav grunnlag for frådrag.
Høgsterett var ikkje einig i dette og fann at det ikkje var nær nok tilknyting mellom kostnadene og potensielle inntekter for selskapet.
Det var ingen tidsnær dokumentasjon om kva som var formålet med bidraga, og inntektstilknytinga var uansett for fjern og indirekte til å kunne gi frådragsrett etter skattelova.
Dommen gir rettleiing for korleis ein skal forstå tilknytingskravet i skattelova § 6-1, jf. § 6-24.