Skattefrådrag for utgifter ved oppkjøp av eit selskap

Høgsterettsdom 22. mars 2018, HR-2018-570-A, (sak nr. 2017/1508), sivil sak, anke over dom,

Ericsson Television AS (advokat Øyvind Hovland) mot Staten v/Skatt øst (Regjeringsadvokaten v/advokat Nils Sture Nilsson)

Dommarar: Bull, Indreberg, Webster, Bergh, Øie 

Høgsterett kom til at eit selskap som var selt til nye eigarar, ikkje kunne krevje frådrag for eit tilretteleggingshonorar som var betalt til den finansielle rådgivaren ved transaksjonen, og eit termineringsgebyr som var betalt til ein tilbydar etter at styret i selskapet endra ei salsanbefaling til å gjelde eit nytt og høgare bod. 

Tandberg Television – no Ericsson Television – opplevde hausten 2006 eit stort fall i børsverdien etter at selskapet hadde tapt fleire kontraktar. Selskapet inngjekk ein rådgivingsavtale med Deutsche Bank. Honoraret til banken var avhengig av at det kom i stand ein transaksjon som reelt sett innebar eit sal av minst halvparten av aksjonærinteressene i selskapet eller heile eller delar av «innmaten».

To amerikanske selskap la inn bod på aksjane i Tandberg Television, og styret i selskapet anbefalte det høgaste bodet. Men før akseptfristen var ute, kom det eit nytt og enda høgare bod på selskapet frå Telefonaktiebolaget LM Ericsson.

Styret endra da anbefalinga til å gjelde bodet frå Ericsson. Det utløyste eit termineringsgebyr til den forbigåtte tilbydaren. 

Høgsterett kom til at hovudformålet med å innhente assistanse frå Deutsche Bank var å finne ei løysing som gav høgast mogleg pris til aksjonærane. Selskapet kunne da ikkje krevje frådrag for honoraret til banken på ca. 173 millionar kroner som ein kostnad knytt til inntekta til selskapet.

Heller ikkje termineringsgebyret på rundt 109 millionar kroner gav frådragsrett, ettersom dette var utløyst av omsyn til aksjonærane si interesse i å selje til ein enda høgare pris enn det første tilbodet innebar. 

Dommen gir rettleiing om bruken av den såkalla hovudformålslæra ved fastlegginga av om ein kostnad med fleire formål frå skattytaren si side gir frådragsrett.

Les heile avgjerda