Spørsmål om rett til frådrag for honorar til forvaltning av private equity-fond
Høgsteretts dom 28. februar 2018, HR-2018-391-A, (sak nr. 2017/1406), sivil sak, anke over dom
Staten v/Sentralskattekontoret (Regjeringsadvokaten for storbedrifter v/advokat Anders F. Wilhelmsen) mot Argentum Fondsinvesteringer, AS Argentum NPEP AS, Bradbenken Partner AS, Argentum Investment Partner AS, Tomte Forvaltning AS, Lærdal Finans AS, Grieg International AS, Freyer Forvaltning AS, Varner PE AS (advokat Peter Hammerich
Dommarar: Matheson, Høgetveit Berg, Bull, Indreberg, Tønder
Høgsterett kom med utgangspunkt i skattelova § 6-24 einstemmig til at eit forvaltningshonorar i private equity-bransjen er ein kostnad som kan delast opp i ein forvaltningsdel med rett til frådrag og ein transaksjonsdel utan rett til frådrag. Ettersom honoraret dekker to typar av tenester som blir behandla skatterettsleg forskjellig, kan det skattemessig ikkje reknast som ein kostnad til éi samla teneste der hovudformålet med tenesta er avgjerande for frådragsretten. Når det er praktisk vanskeleg å måle dei respektive delane nøyaktig, må fordelinga gjerast ved skjønn.
Staten fekk etter dette medhald i at likninga av fondsdeltakarane bygde på riktig rettsbruk. Vedtaket som var gjort ved sentralskattekontoret, blei likevel sett på som ugyldig, idet Høgsterett ikkje kunne sjå at skjønnet var godt vurdert og grunngitt.
Avgjerda har betydning for kor stor del av eit forvaltningshonorar i private equity-bransjen fondsdeltakarane kan krevje frådrag for ved deltakarlikninga.