Spørsmål om skatteplikt for termineringsgebyr

Høyesterett dom 20. desember 2018, HR-2018-2433-A, (sak nr. 18-082393SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Yara International ASA (advokat Kaare Andreas Shetelig) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (Regjeringsadvokaten v/advokat Nils Sture Nilsson)

Dommarar: Indreberg, Normann, Bergsjø, Falch, Bergh 

Høgsterett kom til at vedtaket i Skatteklagenemnda om likninga av Yara International ASA for inntektsåret 2010 var gyldig.

Yara International ASA inngjekk i 2010 ein avtale om oppkjøp av det amerikanske selskapet Terra Industries Inc. for 24,5 milliardar kroner. I avtalen heitte det at eit gjensidig termineringsgebyr skulle komme til utbetaling dersom avtalen ikkje blei gjennomført. Aksjonærane i Terra valde å selje til ein annan bodgivar, og Yara fekk utbetalt termineringsgebyret. Etter at kostnadene til Yara ved oppkjøpsforsøket var dekte, utgjorde gebyret 666 millionar kroner. 

Skatteklagenemnda la til grunn at termineringsgebyret var skattepliktig som realisasjonsgevinst ut frå bruk av eit surrogatprinsipp. For Høgsterett hadde staten fråfalle dette grunnlaget. Staten gjorde i staden gjeldande at gebyret var skattepliktig som verksemdsinntekt, og at det ikkje var omfatta av fritaksmetoden. Høgsterett gav staten medhald. 

Dommen gir rettleiing om verksemdsomgrepet, innhaldet i omgrepet "vunnet ved" og bruksområdet for fritaksmetoden.

Les heile avgjerda