Tvunge verneting i patentsaker

Høgsteretts orskurd 16. november 2018, HR-2018-2191-A, (sak nr. 18-064988SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd, Aker BioMarine Antarctic AS (advokat Are Stenvik) mot Rimfrost AS, Rimfrost Technologies AS (advokat Ronny Lund)

Dommarar: Høgetveit Berg, Normann, Webster, Bårdsen, Matningsdal

Saka gjeld spørsmål om eit søksmål – der tvisten er om ei oppfinning er overdrege etter at det er søkt om patent – skal handsamast ved Oslo tingrett som tvunge verneting, jf. patentlova § 63 fyrste ledd nr. 1 og 4. 

Saksøkar tok ut stemning mot saksøkte ved Oslo tingrett. Søksmålet gjaldt krav om overføring av eit gjeve patent. Saksøkaren gjorde gjeldande at rettane var overdregne til saksøkaren frå tidlegare rettshavar og at saksøkte på si side ikkje hadde erverva patentet. 

Høgsterett kom til at ein slik situasjon korkje er omfatta av patentlova § 63 fyrste ledd nr. 1 eller nr. 4. Oslo tingrett var då ikkje rett verneting. Søksmålet måtte reisast ved saksøktes heimting. 

Saka avklarar rekkevidda av dei nemnde reglane i patentlova § 63 fyrste ledd. 

Les heile avgjerda