Utskriving frå tvunge psykisk helsevern

Høgsteretts dom 20. november 2018, HR-2018-2204-A, (sak nr. 18-112246SIV-HRET), sivil sak, anke over dom, A (advokat Ingvar Harald Seth) mot Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Knut-Fredrik Haug-Hustad)

Dommarar: Noer, Høgetveit Berg, Arntzen, Møse, Endresen

Ei kvinne fekk medhald av Høgsterett i kravet om utskriving frå tvungent psykisk helsevern.

Kvinna hadde diagnosen schizoaffektiv liding, blanda manisk-depressiv type. Ho hadde vore under tvungent psykisk helsevern i nesten sju år. Dei siste fem åra hadde tvangen bestått i at ho plikta å møte kvar fjerde veke for å ta depotmedikasjon.

Eit hovudspørsmål i saka var om kvinna hadde samtykkekompetanse, det vil seie om ho sjølv kunne velje å avslutte behandlinga.

Høgsterett drøfta vilkåret og kom til at kvinna på grunn av sjukdommen ikkje hadde tilstrekkeleg innsikt i sin eigen situasjon og konsekvensane av å avslutte behandlinga til at ho kunne reknast som samtykkekompetent.

Høgsterett vurderte også forverringsvilkåret etter psykisk helsevernlova, utan å ta endeleg standpunkt til om det var oppfylt.

Høgsterett tok til slutt stilling til om tvungent vern også framover var den beste løysinga for kvinna. Konklusjonen blei under tvil at kravet om å bli utskriven måtte takast til følge.

Det blei lagt vekt på varigheita av den tvungne behandlinga, at det var ein viss tvil knytt til tidskravet under forverringsvilkåret, og at lovgivaren strekar under retten til sjølv å vere med og bestemme.

Saka gir rettleiing for det rettslege innhaldet i vilkåra for tvungent psykisk helsevern.

Les heile avgjerda