Varemerkerett

Høgsterettsdom 17. januar 2018, HR-2018-110-A, (sak nr. 2017/1490), sivil sak, anke over dom,

Addcon Nordic AS (advokat Håkon H. Bleken) mot Halfdan L. Solberg (advokat Thomas Rieber-Mohn)

Dommarar: Kallerud, Matheson, Bull, Bergh, Tønder

Eit firma hadde i samband med skifte av vareleverandør festa etikettar med eit uriktig varemerke på emballasjen til eit konserveringsmiddel til bruk i fiskeindustrien. Sjølv om bruken fann stad etter at salet var gjennomført, og sjølv om den faste kundekretsen til firmaet var orientert om leverandørskiftet, kom Høgsterett til at varemerkelova § 4 var broten.

Vederlaget for varemerkekrenkinga blei sett til 80 000 kroner.

Dommen avklarar bruksområdet for varemerkelova § 4 sett i lys av praksis frå EU-domstolen.

Les heile avgjerda