Vedtak om avliving av hund kjent gyldig
Høgsterettsdom 6. juni 2018, HR-2018-1057-A, (sak nr. 2017/1678), sivil sak, anke over dom, A (advokat Knut Jullumstrø) mot Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Torje Sunde)
Dommarar: Berglund, Noer, Bull, Sverdrup, Øie
Politidirektoratets vedtak om avliving av hunden Rambo blei kjent gyldig.
Hunden Rambo hadde bite ein mann slik at han fekk eit relativt stort blødande sår. Høgsterett kom til at det var ein reell og ikkje ubetydeleg risiko for at Rambo kunne gå til angrep og skade menneske igjen. Hunden skapte også frykt i nabolaget.
Avliving var derfor ikkje eit uforholdsmessig tiltak.
Dommen gir rettleiing om kva vurdering som skal gjerast når politiet vedtar avliving etter hundelova § 18 første ledd.