Aklaust å ha gjort seg skyldig i trafikkdød
Høgsteretts dom 16. november, HR-2018-2189-A, (sak nr. 18-100728STR-HRET), straffesak, anke over dom, Påtalemakta (konstituert statsadvokat Ane Evang) mot A (advokat Arne Gunnar Aas)
Dommarar: Normann, Webster, Møse, Endresen, Utgård
Høgsterett kom til at det bestemmande mindretalet i lagmannsretten hadde brukt aktsemdsnorma i straffelova § 281 feil, og heile dommen i lagmannsretten med hovudforhandling blei oppheva.
Den tiltalte, som hadde køyrt oppover ein forkøyrsveg der fartsgrensa var 50 km/t, skulle svinge til venstre i eit vegkryss. Da han hadde køyrt over i motgåande køyrefelt, kolliderte han med ein syklist. Syklisten blei drepen i ulykka.
Frå kollisjonsstaden var det fri sikt 117 til 120 meter oppover mot ein venstresving. Det var fint vêr og gode lysforhold da ulykka skjedde. Høgsterett viste til at den tiltalte ikkje hadde brukt den tida som var nødvendig for å forsikre seg om at det ikkje var møtande trafikk.
Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå aktsemdsnorma i straffelova § 281 ved dødsulykker i trafikken.