Besøksforbodet var ikkje krenkt
Høgsteretts dom 14. desember 2018, HR-2018-2395-A, (sak nr. 18-147700STR-HRET), straffesak, anke over dom, Påtalemakta (statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim) mot A (advokat Edvard Terje Eide)
Dommarar: Endresen, Møse, Kallerud, Bergsjø, Falch
Ein mann var tiltalt etter straffelova § 168 for å ha krenkt eit forbod mot å «oppsøke, forfølge eller på annet vis kontakte» ein tidlegare sambuar. På eit treningssenter der begge trente regelmessig, gjekk den tiltalte ved eit høve inn og trente sjølv om han visste at den fornærma allereie var der og trente.
Høgsterett kom til at besøksforbodet ikkje var krenkt. Det blei mellom anna lagt vekt på at treningssenteret var relativt stort og med mange menneske, og at den tiltalte ikkje tok kontakt med den fornærma, heller ikkje ved å søke blikkontakt eller liknande.
Dommen gir rettleiing om kva som skal til for å krenke eit besøksforbod.