Ein flyktning kan straffast for brot på innreiseforbod
Høgsterettsdom 4. mai 2018, HR-2018-846-A, (sak nr. 2018/21), straffesak, anke over dom,
A (advokat Arild Humlen) mot Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarar: Falch, Bergsjø, Webster, Kallerud, Matningsdal
Høgsterett kom til at flyktningkonvensjonen artikkel 31 nr. 1 ikkje var til hinder for at ein asylsøkar kunne straffast for brot på innreiseforbod.
Asylsøkeran, ein afghanar, blei i 2012 utvist frå Noreg for fem år. Han kom tilbake etter ca. tre år, og gjorde da gjeldande eit nytt asylgrunnlag. Han blei tiltalt, og tingretten og lagmannsretten dømde han for brot på innreiseforbodet.
Flyktningkonvensjonen artikkel 31 nr. 1 fastset at ein flyktning ikkje kan straffast for ulovleg innreise til landet han søker asyl i, dersom han oppfyller visse vilkår. Eitt av desse vilkåra er at flyktningen har "komme direkte" frå eit land der livet eller fridommen hans er trua.
Den aktuelle asylsøkaren hadde, som ledd i reisa til Noreg, opphalde seg ca. éin månad i Austerrike. Høgsterett kom til at dette opphaldet medførte at han ikkje hadde "komme direkte" frå eit land der livet eller fridommen hans var trua. Han kunne derfor straffast