Forvaring

Høgsteretts dom 10. desember 2018, HR-2018-2339-A, (sak nr. 18-118524STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Trygve Staff) mot Påtalemyndigheten (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Øie, Indreberg, Normann, Falch, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at vilkåra for forvaring var oppfylte. Den alternative tidsbestemte fengselsstraffa blei sett til 11 år.

Den domfelte hadde kontinuerleg pådratt seg domfellingar, og 11 av 13 gjaldt valdsrelaterte brotsverk. Valden blei ofte utført i ruspåverka tilstand. Sjølv om den domfelte hadde vist teikn til rehabilitering i fengselet, kom Høgsterett til at det måtte krevjast klarare haldepunkt for at den alternative fengselsstraffa var tilstrekkeleg til å verne samfunnet.

Dommen gir rettleiing om når vilkåra for å dømme til forvaring er oppfylte, jf. straffelova § 40 andre ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet