Frådrag i straff ved isolasjon under varetekt

Høgsterettsdom 28. juni 2018, HR-2018-1261-A, (sak nr. 18-49643STR-HRET), A (advokat Berit Reiss-Anderssen) mot Påtalemakta


Dommarar: Noer, Bergh, Sverdrup, Berglund, Matningsdal

Den domfelte fekk ikkje medhald i at han hadde krav på ekstra frådrag i straffa for periodar da han var plassert i fullstendig isolasjon i varetekt som følge av ordensforstyrringar i fengselet.

Høgsterett fann at reglane om ekstra frådrag i straffa for den som har blitt halden i isolasjon under varetekt, ikkje kom til bruk i saka. Den domfelte hadde blitt plassert i isolasjon som følge av brot på ordensreglar under varetektsfengslinga.

Sjølv om ordlyden i lova var generell og Høgsteretts praksis hadde utvida området for isolasjonsfrådraget, ville det gi innsette heilt gale insentiv om dei sjølve kunne påverke lengda på straffa ved å opptre slik at dei blei plasserte i isolasjon.

Dommen gir rettleiing ved fastsettinga av varetektsfrådrag etter straffelova § 83. 

Les avgjørelsen i sin helhet