Framlegging av timelister
Høgsterettsavgjerd 17. januar 2018, HR-2018-109-A, (sak nr. 2017/1940), straffesak, anke over avgjerd
A (advokat Fredrik Berg) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Henrik Horn)
Dommarar: Arntzen, Kallerud, Bårdsen, Bull, Tønder
Ein franskmann som var tiltalt i ei omfattande økonomisk straffesak, blei frifunnen. Han hadde hatt bistand av private forsvararar, frå han blei sikta i mai 2012, til han blei frifunnen i januar 2017. Etter frifinninga sette han fram krav om erstatning for nødvendige utgifter til forsvaret sitt, jf. straffeprosesslova § 438 og § 441.
Partane var einige om at Økokrim ikkje kunne krevje at det blei lagt fram teiepliktig materiale i form av timelistene til advokatane. Dei var også einige om at påtalemakta har rett til innsyn i teiepliktig materiale som ein som er frifunnen, vel å legge fram for å underbygge kravet sitt.
Høgsterett kom til at materialet, som var lagt fram etter oppmoding frå lagmannsretten, med atterhald om at det ikkje blei sendt til Økokrim, ikkje var lagt fram frivillig. Vidare meinte Høgsterett at framsettinga av krav om erstatning for sakskostnader ikkje kunne reknast som eit implisitt samtykke til at materialet blei lagt fram for Økokrim.
Pålegget frå lagmannsretten om at materialet skulle sendast til Økokrim, blei oppheva.