Grensa for kva som kan reknast som mindre tjuveri
Høgsterettsdom 4. september 2018, HR-2018-1660-A, (sak nr. 18-073766STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Arild Christian Dyngeland) mot Påtalemakta (statsadvokat Kristine Herrebrøden)
Dommarar: Berglund, Falch, Møse, Ringnes, Utgård
Høgsterett kom til at tjuveri av mange gjenstandar med låg verdi ikkje kunne karakteriserast som mindre tjuveri.
Ein mann hadde gjort seg skuldig i 18 butikktjuveri i løpet av 15 månader. Verdien på varene varierte frå 26 kroner til 400 kroner. Spørsmålet var om forholda kunne karakteriserast som mindre tjuveri etter straffelova § 323.
Høgsterett minte om at grensa for kva som kan reknast som "ubetydelig verdi" etter føresegna ligg på om lag 2 000 kroner. Straffskulda hos den domfelte var likevel ikkje lita ettersom han hadde gjort seg skuldig i mange tjuveri i løpet av relativt kort tid og tjuveria var utførte på omtrent same vis. Desse omstenda innebar at vilkåra for å rekne handlingane som mindre tjuveri ikkje var oppfylte.
Ved straffutmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i fleire alvorlege valdshandlingar som han samtidig var dømd for, mellom anna mot personar i særskilt utsette yrkesgrupper. Den samla straffa blei sett til seks månader.
Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå straffelova § 323 om mindre tjuveri, og om fastsetting av straff for ulike valdshandlingar og tjuveri.