Heimel for å straffe kamskjelldykking etter arbeidsmiljølova
Høgsteretts dom 20. september 2018, HR-2018-1781-A, (sak nr. 18-072139STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Jan Velund) mot Påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)
Dommarar: Noer, Kallerud, Bergh, Falch, Utgård
Spørsmålet i saka var om påstått uforsvarleg dykking etter kamskjel frå båt kan straffast etter arbeidsmiljølova.
Ein mann som dykka etter kamskjel, døydde i samband med dykkinga. Det blei tatt ut tiltale mot den ansvarlege for verksemda for brot på arbeidsmiljølova.
Arbeidsmiljølova omfattar i utgangspunktet all verksemd som sysselset arbeidstakarar. I § 1-2 andre ledd bokstav a er det likevel bestemt at sjøfart, fangst og fiske ikkje er omfatta av lova.
Høgsterett kom til at ein måtte sjå på kamskjeldykking frå fartøy som fangst som ikkje kunne straffast med heimel i arbeidsmiljølova. Avgjerda i lagmannsretten blei oppheva.
Saka har betydning for korleis ein skal forstå verkeområdet for straffeføresegner i arbeidsmiljølova.