Inndraging av ein del av verdien av ein bustad
Høgsteretts dom 21. mars 2018, HR-2018-556-A, (sak nr. 2017/2077), straffesak, anke over dom,
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tor Børge Nordmo)
Dommarar: Matheson, Bull, Berglund, Arntzen, Indreberg
Høgsterett kom einstemmig til at ein del av verdien av ein fullt ut belånt bustad som var brukt som «hasjplantasje», ikkje skulle inndragast.
Den tiltalte blei i lagmannsretten dømd til fengsel i 1 år og 9 månader og til å tole inndraging av ein del av verdien av bustaden, ei såkalla verdiinndraging.
Inndragingsbeløpet var sett til 600 000 kroner. Dette utgjorde om lag halvparten av omsetningsverdien til bustaden. Eigedommen var fullt ut belånt, og den tiltalte hadde ingen annan formue. Ved ei inndraging av bustaden ville det pantsikra lånet i banken måtte dekkast først.
Høgsterett peikte på at verdiinndraging etter lova er eit alternativ til gjenstandsinndraging, og at alternativet mellom anna er aktuelt der gjenstandsinndraging vil ramme urimeleg hardt. I denne saka ville verdiinndraging ikkje berre resultere i at huset måtte realiserast til dekning av panten i banken, men at den tiltalte, etter å ha tapt bustaden, i tillegg ville sitte igjen med eit betydeleg pengekrav frå staten.
Verdiinndraging ville etter dette ramme den tiltalte betydeleg hardare enn ei gjenstandsinndraging av bustaden.
Høgsterett kom einstemmig til at verdiinndraging ikkje ville vere forholdsmessig, slik lova krev.
Avgjerda gir rettleiing for forholdet mellom inndraging av bustad og ein del av verdien i bustaden.