Innsyn i pasientjournal utan samtykke

Høgsteretts dom 21. desember 2018  dom, HR-2018-2452-A, (sak nr. 18-157498STR-HRET), straffesak, anke over dom

Påtalemyndigheten (statsadvokat Tomasz Edsberg) mot A (advokat Simen Perminow Skjønsberg)

Dommarar: Matningsdal, Indreberg, Møse, Bull, Høgetveit Berg

Ein pensjonert overlege blei engasjert som privat sakkunnig for forsikringsselskapet i ei erstatningssak om personskade. Han hadde kontor på sjukehuset og derfor framleis tilgang til pasientjournalane.

Utan at det låg føre samtykke frå den skadelidne, gjekk han inn i journalen hennar og fekk innsyn i dokument som ikkje var del av saksdokumenta han hadde fått frå selskapet. For Høgsterett var det uomstridd at dette var i strid med helsepersonellova § 21 a. Spørsmålet var om det låg føre grov aktløyse etter helsepersonellova § 67. 

Høgsterett kom til at ved at han som sakkunnig hadde nytta seg av tilgangen til journalnotata som han hadde i eigenskap av lege med kontor på sjukehuset, hadde handla grovt aktlaust. Han hadde ikkje forsikra seg om at den skadelidne hadde gitt samtykke til innsyn. Lovføresegna var klar, og teieplikta til helsepersonell tar vare på grunnleggande verdiar som er gitt sterkt vern. Straffa blei sett til ei bot på 15 000 kroner.

Les heile avgjerda