Mishandling i nære relasjonar – lovbruken
Høgsterettsdom 18. januar 2018, HR-2018-112-A, (sak nr. 2017/1909), straffesak, anke over dom
A (advokat Torbjørn Kolås Sognefest) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes)
Dommarar: Noer, Bergsjø, Høgetveit Berg, Falch, Matningsdal
Ein mann i 30-åra fekk medhald i Høgsterett i at vilkåra for domfelling for mishandling i nære relasjonar ikkje var oppfylte.
Mannen var tidlegere sambuar med den fornærma. Eitt og eit halvt år etter samlivsbrotet fekk kvinna ein ny kjærast. Mannen reagerte på dette, og ein gong han møtte henne på gata, tok han tak i håret hennar og kasta henne i bakken, trua henne og øydela mobiltelefonen hennar.
I tillegg var det to episodar der han oppsøkte henne, og ei hending der han slo til den nye kjærasten hennar.
Høgsterett kom til at handlingane ikkje hadde tilstrekkeleg alvor og omfang til å kunne reknast som mishandling i nære relasjonar. Forholda var likevel straffbare etter andre føresegner.
Straffa for desse og to andre forhold som var rettskraftig avgjorde, blei redusert frå 120 til 90 dagars fengsel.
Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå straffelova § 282 om mishandling i nære relasjonar.