Mishandling i nære relasjonar i land der handlinga ikkje var straffbar

Høgsteretts dom 19. oktober 2018, HR-2018-2043-A, (sak nr. 18-100677STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Kjetil Krokeide) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Katharina Rise)

Dommarar: Ringnes, Møse, Noer, Berglund, Endresen

Saka gjaldt spørsmålet om norsk straffelov kjem til bruk på mishandling i nære relasjonar som delvis har skjedd under mellombels opphald i eit land der handlinga ikkje er straffbar. 

Den tiltalte var dømd for mishandling av ektefellen, jf. straffelova 1902 § 219 første ledd og straffelova § 282. Valdshandlingane starta i Noreg og heldt fram medan familien oppheldt seg mellombels i Nigeria. Handlingane den tiltalte var dømd for, var lovlege der. 

Høgsterett kom til at det straffbare forholdet måtte sjåast under eitt, og at mishandlinga som blei utført i Nigeria, kan straffast etter norsk straffelov, jf. straffelova § 4. Det gjaldt altså ikkje krav om dobbel strafflegging etter straffelova § 5 første ledd nr. 1. Høgsterett la avgjerande vekt på at forholdet hadde begynt i Noreg, og at handlingane i Nigeria skjedde under eit mellombels opphald der.

Dommen gir rettleiing om det stadlege verkeområdet til straffelova ved kollektivbrotsverk og vedvarande brotsverk og utfyller Høgsteretts avgjerd i HR-2017-2429-A (Jemen).

Les heile avgjerda