Motarbeiding av rettsvesenet

Høgsteretts dom 21. september 2018, HR-2018-1784-A, (sak nr. 18-095375STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat Eli Anne Krystad) mot Påtalemakta (riksadvokatfullmektig Alf Butenschøn Skre)

Dommarar: Normann, Bull, Falch, Ringnes, Bårdsen

Straffelova § 157 og § 171.

Ein politiførstebetjent blei dømd for brot på straffelova § 171 om grov tenestefeil til å betale ei bot på 15 000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar. 

Politiførstebetjenten, som også var etterforskar av saka, hadde sendt tekstmeldingar til den sikta om korleis vedkommande skulle forklare seg i politiavhøyr med sikte på å oppnå at saka blei lagd bort. 

Høgsterett kom til at straffelova § 157 om rettsstridig påverknad av aktørar i rettsvesenet ikkje rammar rettsstridige handlingar generelt, men at det er eit krav at åtferda er urettkommen vis-á-vis aktøren. Ut frå bevisvurderinga og domsgrunnane frå lagmannsretten si side var det ikkje grunnlag for domfelling etter straffelova § 157.

Høgsterett meinte at handlemåten blei ramma av straffelova § 171. Det var ikkje i strid med straffeprosesslova § 38 å endre subsumsjonen til straffelova § 171 om tenestefeil. Straffa blei utmålt i samsvar med påstanden frå aktor. Høgsterett fann ikkje grunn til å fråvike påstanden, men uttalte at straffa i alle fall ikkje var blitt for streng. 

Avgjerda gir rettleiing for tolkinga av straffelova § 157, straffelova § 171 og straffeprosesslova § 38.

Les heile avgjerda