Sivile krav etter frifinning - forelding
Høgsteretts dom 20. november 2018, HR-2018-2203-A, (sak nr. 18-112409STR-HRET), straffesak, anke over dom, A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Bjørn Ove Blomholm Engelstad)
Dommarar: Endresen, Møse, Bergsjø, Arntzen, Høgetveit Berg
Saka gjaldt krav om oppreising og skadebot for mein etter seksuelle overgrep mot eit barn i 1994. Hovudspørsmåla i saka var om eit oppreisingskrav var rettskraftig avgjort og om krava var forelda.
Bakgrunnen for problemstillingane var at Høgsteretts ankeutval frifann den ankande parten for straffekravet i dom 14. september 2018 (HR-2018-1747-U), jf. straffeprosesslova § 323 tredje ledd bokstav b. Det straffbare forholdet var forelda.
Spørsmålet for Høgsterett var kva verknad frifinninga fekk for eit oppreisingskrav som var pådømt i tingretten og som det ikkje var kravd ny handsaming av i lagmannsretten. Høgsterett kom til at banda mellom straffekravet og oppreisingskravet var så sterke at ein delvis måtte sjå bort frå fråfallet av kravet om ny handsaming av oppreisingskravet.
Høgsterett uttalte vidare at barn som har vore utsette for seksuelle overgrep kan fortrenge denne opplevinga. I vurderinga av om den skadelidne aktsamt har mangla naudsynt kunnskap om skaden og den ansvarlege, må ein difor ta omsyn til at den skadelidne kan ha vore forhindra frå å ivareta sine interesser på grunn av ei psykisk blokkering som er ein konsekvens av nettopp den skaden som er grunnlaget for kravet. Sjølv om Høgsterett hadde full kompetanse, var det likevel ikkje forsvarleg å handsame dei konkrete foreldingsspørsmåla som førsteinstans.
Dommen gjev rettleiing for bruken av foreldingslova § 9 ved seksuelle overgrep og for sivile kravs rettskraft når dei blir pådømt i straffeprosessuelle former.